UT PÅ TUR:

Vel eitt år har gått sidan den fatale bussturen snudde livet til Silje og Ingvar Landa på hovudet. I løpet av eitt døgn i september 2020 blei dei midtpunktet i det som må vera Norges mest omsnakka busstur.,

Heldigvis er det framleis slik at ingenting er så ille at det ikkje er godt for noko.

For etter alt mediekøyret med bussen har situasjonen snudd, og folk står i kø for å reisa på tur med Silje og Ingvar.

Ingvars Reiser var på rundreise i Sør-Norge med lokale pensjonistar, då ein av passasjerane blei innlagt på sjukehus undervegs med akutt hjertesjukdom. Ein rutineprøve avslørte at vedkommande var smitta av korona.

Mareritt

Ved heimkomst testa 38 av 40 passasjerar om bord positivt, og eit langt mareritt var i gang.

– Fleire av legane fortalde at mest sannsynleg ville tre – fire av passasjerane ikkje overleva sjukdommen. Verda var i ferd med å rasa saman, minnast Ingvar.

Så fekk han ein uventa telefon.

– Rune Bjerga, som eg ikkje kjenner anna enn at eg veit han er komikar, ringer og spør korleis det går med oss. Med oss? Eg kunne mest ikkje tru at nokon brydde seg om det.

Etter samtalen legg Bjerga ut ei flott støttemelding på Facebook der han tek eit oppgjer med hets og hatmeldingar, og gir oss 100 prosent støtte. Det snudde på mange måtar situasjonen, i alle fall fekk me mot nok til at me klarte komma oss  vidare, fortel Ingvar.

– Ein annan ting som betyr mykje for oss er at alle passasjerane som var med på «Koronabussen» vil på tur igjen, så snart det blir mogleg, det varmar langt inn i hjartet, smiler Silje.

Gjorde alt rett

Alle rapportar i etterkant av bussturen har vist at reiseselskapet har vore godt innanfor bransjestandarden som Virke laga for bransjen. Ingen instansar har hatt noko å utsetta på handteringa av smittevern og dei då gjeldande reglane, verken om bord i bussen eller på stader dei overnatta eller åt. Likevel sto Silje og Ingvar nærmast forsvarslause mot alle anklagane som rann inn frå media, mail, meldingar.

– Me praktiserte eit strengt smitteregime på turen, mykje strengare enn det me var pålagde. Det einaste me kunne gjort betre var å ikkje reist på tur, fortel Silje.

Men det er ikkje berre passasjerane frå Koronabussen som vil på tur igjen.

Aldri før i Ingvar Reiser si historie har det vore fleire påmeldingar til turar i vår og sommar enn no. Ja, så mange vil på tur at ekteparet nyleg har investert i ny buss for å kunne ta unna trykket. Til saman har dei tre bussar som alle er kjøpt og nedbetalt med sparepengar og banklån. Det betyr at dei ikkje har fått støtte frå staten. Berre selskap som leaser bussane får statstøtte, dermed har dei fått minimal hjelp til å dekka inntektstap og faste kostnadar.

 Lojale passasjerar

Frå ingen turar det siste året, til ventelister på fleire av turane i sommar, den såg dei ikkje komma.

– Me såg rett nok at marknaden var på veg oppover allereie før koronaen, men at det skulle bli så stor etterspurnad som no, det hadde me aldri tenkt. Når det er sagt, er det likevel ikkje berre å sleppa alt laust. Me ønskjer absolutt ikkje å enda i ein situasjon me ikkje har kontroll på, difor tek med dette litt gradvis. Tenk viss det skulle bryta ut smitte undervegs? Eller om land eller hotell stenger ned? Kva gjer ein med isolasjon og karantene? Me tør ikkje gambla, difor er det betre å venta til me veit at alt er sikkert.

I etterkant av sjukdomsutbrotet var alle passasjerane frå bussen med i ein forskingsstudie. Det var interessant for helsestyresmaktene å finna ut  kvifor ingen blei livstruande sjuke.

– Eg veit svaret. Gleda og trivselen ved å vera saman med andre styrker immunforsvaret. Det er forska på og det er bevist, og det stemmer med tanke på alle som var med i studien. Samtlige vil på tur igjen, og det ga dei uttrykk for allereie då det storma som verst, avsluttar Ingvar Landa som har fått gnisten og motivasjonen tilbake.